Det bles ein venstrevind over landet, også i Sogn og Fjordane

Valnatta skjedde det noko som ingen hadde venta. Torsdag føremiddag hadde over 1300 personar meldt seg inn i Venstre, og fleire av desse er frå Sogn og Fjordane. På landsbasis er dette ein oppgang på over 15% på to dagar. — Dette er heilt utruleg, seier fylkesleiar i Venstre, Torbjørn Kolås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Janne Sørum og Torbjørn Kolås

– Eg trur ikkje heilt det har gått opp for folk kva som eigentleg skjedde valnatta, og heller ikkje kva det er som skjer no, svarar Janne Sørum, Fylkesleiar i Unge Venstre, og held fram: – Vi var utruleg deprimerte valnatta og dagen etter, men no går vi berre og smiler. Eg trur det har byrja å gå opp for folk kor viktig Venstre er i norsk politikk.

Diverre vart nok valet prega av at frykta for Frp var større enn kjærleiken til Venstre, men vi har fått utruleg mykje støtte i etterkant, seier Kolås. Mange angrar seg fordi dei stemte taktisk. I tillegg er det svært mange som no ser kor nødvendig det er med eit liberalt, sterkt sentrumsparti i norsk politikk, som motvekt til dei tunge raude og mørkeblå blokker som no har funne saman. Med høgre klistra opp til Frp, og Senterpartiet klistra til LO og Arbeidarpartiet, er det no berre Venstre som kan fylle denne rolla i norsk politikk.

Dei to er samde om at det berre går ein veg for Venstre no: Oppover. — Vi har mykje å ta fatt i etter valet, og det gledar vi oss til. — Alle dei positive tilbakemeldingane vi har fått, har gitt oss ein ny giv. — Vi er klare for å starte oppbygginga av eit nytt, friskt og sosialliberalt Venstre.

I ein situasjon som dette er det vel berre ein ting å seie: – Opp av asken stig det nye Venstre, smiler ungdomsleiaren breitt.

Kontaktpersonar:

Fylkesleiar Unge Venstre: Janne Sørum, tlf: 97 07 47 79
Fylkesleiar Venstre: Torbjørn Kolås, tlf. 90 50 07 33

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**