Venstre vil ha betre vilkår for småbedrifter

Venstre ynskjer eit nyskapande Noreg. Det er eit sjølvstendig mål for Venstre at fleire startar eigen bedrift. Også med omsyn til maktspreiing er det viktig med sjølvstendig næringsdrivande
og fleire små bedrifter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Venstre og Venstre sine representantar i storting og regjering har gjennom fleire periodar arbeidt for betre vilkår for mindre bedrifter og for dei som vil starte eiga bedrift.

Venstre meiner det framleis er behov for betre ordningar og har difor laga ei liste av tiltak som vil føre til dette. Mellom anna må offentlege virkemiddel stimulere til omstilling og nyskaping:

Rett til botnfrådrag for sjølvstendig næringsdrivande
Lønsmottakarar har gjennom mange år fått stor skattelette ved att minstefrådraget er auka vesentleg. Sjølvstendig næringsdrivande har ikkje fått tilsvarande skattelette og kjem difor mykje dårlegare ut. Dette vil Venstre endre.

Sikre betre tilgang på risikovillig kapital til dei som vil starte bedrift
Dette bør skje både gjennom offentlege ordningar og gjennom skattestimulering for å få til privat investering.

Auka og meir miljøvennlege avskrivingssatsar
Venstre vil ha ei varig auke i avskrivinga på maskiner frå 20 til 30 prosent. I tillegg ein eigen avskrivingsregel for investeringar som fører påviseleg miljø- og/eller effekt.

For informasjon om fleire tiltak – kom til Venstre sin stand i Vikegata laurdag.

NHO har vurdert “hvilken effekt partienes politikk for neste stortingsperiode vil ha på vekst, verdiskaping og arbeidsplasser i næringslivet” — og om politikken “fremmer en langsiktig, omstillingsdyktig og og verdiskapende utvikling for Norge" I rapporten er det gitt karakter frå 0-6 for ulike områder som verkar inn på næringspolitikken. Samla får Venstre karakteren 5. Berre Høgre er betre med 5+. Det som dreg ned for Venstre er at NHO berre
gir 2 for miljøpolitikken, fordi “partier som sier nei til oljeboring i nord og som vil pålegge norsk industri særegne klimaavgifter, får minus i margen”.

Det kan Venstre leve godt med!

Ørsta Venstre
Einar Flø

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**