Venstre er eit sosialliberalt parti som kombinerer personleg fridom med ansvar for fellesskapet. Venstre trur på mennesket si skaparevne og ansvarskjensle, og vi meiner at menneske som vert gjevne fridom er best i stand til å ta ansvar for seg sjølve, medmenneska sine og livsgrunnlaget for etterkommarane våre.
Dei neste fire åra vil Venstre mellom anna:
ha ein meir offensiv miljøpolitikk. Noreg må ta avgjerande steg inn i lavutsleppsamfunnet basert på fornybar energi.
satse på læraren og kvalitet i skulen. Noreg skal bli eit kunnskapssamfunn, og den offentlege skulen er det viktigaste verkemiddelet for å nå målet.
prioritere forsking og høgare utdanning, ikkje fleire "kvileskjær".
gjere det enklare å starte, drive og eige si eiga verksemd. Venstre vil gradvis fjerne formueskatt og fjerne arveavgifta som rammer investeringar, nyskaping og privat eigarskap i næringslivet.
sikre velferdssamfunnet. Fleire skal få eit tilbod der dei bur.
ha meir til dei som treng det mest. Venstre ønskjer meir målretta velferdstiltak.
ikkje ha oljeverksemd utanfor Lofoten, Vesterålen og på Møresokkelen.
slå ring om liberale verdiar som personvern og ytringsfridom
ha ei regjering av Venstre, Krf og Høgre
Venstre er løysinga i sentrum STEM VENSTRE PÅ MÅNDAG!
Styret i Ørsta Venstre
Einar Flø(leiar), Kyrre Grimstad, Else Marie Halse Ressem,
Bjarte Roth, Per Ole Røed