Stem mot 420-kV linja i luft

Ei stemme til dei raudgrøne er ei stemme til å legge 420 kV linja i luftspenn over nokre av dei flottaste turområda vi har her i fylket. Ei stemme til Venstre og ei regjering av V, KRF og H er ei stemme for å få utgreie og lagt 420 kV linja i sjøkabel også gjennom vårt fylke.
Anken på denne linja blir avgjort av regjeringa, derfor er det viktig for alle oss som vil ha denne i sjøkabel og stemme inn ei regjering som er villig å ta anken til følgje og få ei skikkeleg utgreiing av alternativa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Marit Barsnes Krogsæter

Venstre , KRF og Høgre kjemper alle for at vi skal utvikle og utnytte ny teknologi til denne linja, slik at med desse tre i regjering får vi ikkje ei monsterlinje gjennom våre finaste sørvendte turområde. Ap og Sp vil ha linja i luftspenn og dermed vil den komme i luftspenn dersom dei dannar regjering.

Når Klimameldinga var oppe i Stortinget var det Venstre, KRF og Høgre som drog SV med seg og fekk ei brukbar Klimamelding. Anken blir avgjort i regjeringa så her kan vi ikkje gje drahjelp til SV. Så vil du ha sjøkabel eller andre miljøvenlege løysingar så stem på oss.
Dei raudgrøne har og ein anna tvilsam praksis, dei behandla ikkje anken på at strømmen ikkje vart teken frå Lutelandet. Dei let Oljeselskapet forhandle bort alle konsesjonskrav dei ikkje ville ha. Følgjer dei denne praksisen no og så betyr det at Statnet set kraftmastene og dreg linja der det passar dei utan å ta noko omsyn, mens ei handlingslamma raudgrøn regjering ser på.

Hugs at på måndag kan du bruke stemmesetelen til å avgjere kva regjeringsalternativ vi skal ha. Då vil du også seie ja eller nei til ei linje i luftspenn. Ei stemme til Venstre og til ei samarbeidsregjering mellom V, KRF og Høgre er ei stemme til bevaring av det fine turmiljøet, og til sikringa av at linja ikkje blir lagt i nærleiken av bebyggelse.

Godt Val.

Marit Barsnes Krogsæter
Fylkestingsrepresentant Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**