MILJØ – KUNNSKAP – VELFERD!
Dette er tre sentrale stikkord for Venstre i komande Stortingsperiode. I tillegg må nemnast eit nyskapande næringsliv, samferdsle og kultur. I praksis betyr dette m.a.:
Miljø: Nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen. Ja til rause støtteordningar til produksjon av ny fornybar energi og til miljøriktig omstilling. Klart nei til «monstermaster» i Hardanger.
Kunnskap: Nei til lengre skuledag. Ja til å gje alle lærarar rett og plikt til systematisk etter- og vidareutdanning gjennom eit kompetanseår. Venstre vil og auka den norske forskingsinnsatsen til 3 prosent av BNP innan 2013.
Velferd: Nei til å la staten løyse alle velferdsoppgåver. Ja til å gje kommunane støre ansvar innan helse og omsorg, slik at folk får den hjelpa dei treng nærare der dei bur.
Nyskapande næringsliv: Nei til statlege milliardoverføringar til Røkke, Ja til betre ramevilkår for ein kvar gründer med gode idear, småbedriftene og for sjølvstendig næringsdrivande. Venstre vil få på plass ei forenkla aksjelov for dei minste bedriftene der ein mellom anna fjernar revisjonsplikta.
Samferdsle: Nei til somletog. Ja til å redusere reisetida med tog mellom Bergen og Oslo til 4 timar innan 2020. Venstre vil derfor rusta opp Vossabana og bygge Ringeriksbana.
Kultur: Nei til statleg detaljstyring av kulturen. Ja til eit meir desentralisert kultur-Noreg og til momsfritak for friviljuge organisasjonar.
Det er heilskapen som er unik. Venstre er det einaste partiet som i denne valkampen har fått toppkarakter av NHO for næringspolitikken, toppkarakter av Naturvernforbundet for miljøpolitikken og toppkarakter av Abelia for kunnskapspolitikken.
Venstre står stødig i sentrum av norsk politikk, langt frå ytterpartia på høgresida og venstresida. Det er og her vi vil at den nye regjeringa må ha sitt tyngdepunkt. Om du ønskjer ny regjering utan FrP, er Venstre det einaste alternativet!
Godt val!
Lars-Henrik Paarup Michelsen, Hordaland Venstres 2.kandidat
Torstein Gunnarson, gruppeleiar Voss Venstre