Flyplassutvidinga må raskt avklarast i Miljøverndepartementet!

Stortingsrepresentant Leif Helge Kongshaug (V) lovar å arbeide sterkt for å få ei rask avklaring kring utviding av flyplassen på Vigra.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


– Det hastar å få plass planane for utviding og veg slik at at flyplassen kan stette krava til tryggleik og utviklast vidare til beste for heile Sunnmøre, seier stortingsrepresentant og 1. kandidat for Venstre, Leif Helge Kongshaug.

Møte med Venstre
Under eit møte mellom Avinorsjef Tor Hånde,stortingsrepresentant Leif Helge Kongshaug og lokale venstrefolk på Vigra tirsdag, vart Kongshaug skodd til å kjempe for flyplassen på Vigra. Hånde var klar på at ein raskt må få ei avklaring av ankesaka som ligg i miljøverndepartementet slik at dei kan starte utvidinga av sjølve flyplassen og dermed stette krava til sikkerheitsone.

Framtidsløysing
Det har vore politisk usemje i Giske om vegløysinga. Det har både handla om kva som er den beste løysinga på lang sikt, kva løysing som kan stå raskast ferdig og kven som skal betale for vegbygginga. Og då har det også vore eit spørsmål kva Avinor skal bidra med, seier Anne-Lise Roald, kommunestyrerepresentant frå Giske Venstre, og 5. kandidat på Møre og Romsdal Venstre si stortingsliste.

Leif Helge Kongshaug, Tor Hånde, Anne-Lise Roald

Leif Helge Kongshaug, Tor Hånde, Anne-Lise Roald

Miljøverndepartementet
Saka ligg i dag som ei ankesak i Miljøverndepartementet fordi ei vegløysing for Vigra tangerer eit fuglefredingsområde. Kongshaug vil ikkje ta stilling til kva Miljøverndepartementet skal svare, men han lovar å arbeide aktivt for å få saka ut av Miljøverndepartementet slik at alle partar veit kva ein kan arbeide vidare med for å få ei god løysing både for kommunen og for flyplassen. Utviklinga på Vigra Lufthamn kan ikkje bli hemma fordi kommunen og Avinor må vente på sakshandsaming i Miljøverndepartemenet, seier Kongshaug.

Finansiering av flyplass
Tor Hånde i Avinor gjorde Kongshaug merksam på at Avinor ikkje får behalde overskot som dei kunne bruke til utvikling. Staten trekkjer det inn for å drifte flyplassar som ikkje greier seg økonomisk. Vigra er ein av 6 flyplassar som går med overskot. – Slik kan vi ikkje halde fram, meiner Kongshaug som hallar til at ein del mindre flyplassar må inn på statsbudsjettet og drivast som distriktsutvikling. Det er viktig for næringslivet i distrikta at vi har flyplassar som fungerer og tilkomst som fungerer, seier Kongshaug som dei siste fire åra har vore medlem av Næringskomiteen på Stortinget. Dette lover han også å arbeid med.

Satsing på samferdsel
Vigra står framfor ein heilt ny situasjon når tunnellane og passering over Skodjebrua blir gratis. Ein må rekne med at det blir mange fleire som køyrer til flyplassen. Då krevst det både skikkelege vegløysingar og ei mykje større satsing på kollektivtransport til og frå Vigra, seier Kongshaug.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**