Unge Venstre har gjennomført debattar på langt dei fleste skulane i fylket. Med 9.2 prosent av stemmane har Venstre i Hordaland gjort sitt beste skuleval i nyare tid. Dette tyder bra for Venstre fram mot Stortingsvalet på måndag, seier ungdomskandidat Runar Mæland. Ikkje berre gjer det seg utslag i auka røystetal for partiet, men det synar at Venstre er eit moderne parti for framtida, som har ungdommen med seg.
Ei lita gruppe debattantar har vore i hardtrening sidan i sumar, og førebuinga har gitt avkasting. I tillegg har heile rørsla stilt opp som medhjelparar og støttespelarar.
Eg er stolt av medlemmane våre, og den jobben dei gjer for moderpartiet, seier fylkesleiar i Hordaland Unge Venstre, Erlend Horn. Me skal hjelpa Venstre å gjere eit historisk godt val i 2009, og er glade for at spesielt ungdommen evner å sjå forbi overforenklinga og polariseringa av debatten, og ser at det fins eit tredje alternativ i norsk politikk, avsluttar ungdomspolitikaren.