Partival og lokalt truverde

Lokalpolitikk og rikspolitikk heng saman. Det viktigaste er at veljarane ser samanhengen mellom det ein gjer lokalt og sentralt, at partiet er truverdig. Lokalavisa «Hordaland» har 8.sept. eit valkampinnlegg som handlar om dette.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


BERRE STORE ORD OG LUFTIGE LØFTE?
Ja, Tv-debattane gir ofte det inntrykket. Men av og til får vi heldigvis også meir lokale saker. Dei litt vanskelege, og av og til pinlege spørsmåla, er då ofte om konkrete saker der partimedlemmer har stemt på annan måte enn kva partiprogrammet tilseier.

Dette treng ikkje alltid vera så gale — gode lokale løysingar gjennom eit breitt samarbeid mellom partia er ofte både ønskjeleg og nødvendig. Men dersom eit parti skal vera truverdig, må det vera samanheng mellom det partiet står for i konkrete saker lokalt, i høve til målsetjingane i rikspolitikken!

Venstre legg stor vekt på dette! Dette gjeld på sentrale område for Venstre, det vil seia miljø/klima, kunnskap/skule, næringspolitikk/småbedrifter, kultur, folkestyre, velferd.

Nokre eksempel på kva Venstre i Voss har stått for i kommunestyre og utval siste par åra:
– Miljø/klima: Fleire framstøt for å få spegelvendt ordninga for reklame i postkassa (Ja-merke i staden for Nei-merke.) Opptatt av naturvern, m.a. ved kraftutbygging.
– Kultur: Vern av Enkjeheimen. Føreslått kulturråd og ein samla kulturplan for Voss. Krav til estetisk utforming av dominerande bygg.
– Folkestyre: Kommunestyre og utval må i større grad vera "politiske verkstader" , m.a. ved høve til meir drøfting ved spørsmål/interpellasjonar. Oppfølgjing/etterlysing av framdrift i aktuelle lokale saker. Klar profil vedk. rolleblanding/habilitet.

Venstre har markert seg i Vossapolitikken — og i godt samsvar med arbeidet på nasjonalt plan. Partiet er uavhengig av ulike interesseorganisasjonar, og står trygt i sentrum av norsk politikk. Venstre er slik både eit aktivt opposisjonsparti, og kan samarbeida til begge sider om konkrete saker — også om gode lokale løysingar!
Torstein Gunnarson, Venstre i Voss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**