10 kjappe til listetoppene fra Aust-Agder
1) Hvordan vil du bidra til at en distriktskommune som Åmli skal få en positiv utvikling i innbyggertall og næringsliv hvis du kommer inn på Stortinget?
Eg vil halde fram med Venstres arbeid for gründarar, småbedrifter, landbruk pluss, samarbeidstiltak kultur-næring og landbruk-turisme.
2) Åmli har mye energi i form av vann og skog. Vil du gjøre det enklere og billigere å etablere småkraftverk? Ønsker du å gjøre det mer lønnsomt å bygge ut bioenergianlegg?
To spørsmål med klare svar: Ja! Ja!
3) Vil du gå inn for en sammenkobling av Vestfoldbanen/Sørlandsbanen? Hva tror du i så fall vil skje med forbindelsen Nelaug Arendal?
Ja, Venstre har arbeidd i fleire tiår med å kople saman Vestfoldbanen og Sørlandsbanen. Reisetida Arendal-Nelaug-Oslo blir kortare, så eg håpar ei samankopling også vil styrke Nelaug som stasjon.
4) De to vegene fra Åmli og ned til kysten (Rv 41 og Rv 415) er viktige for oss. Vil du gjøre noe for at de blir rusta opp, det vil si får to kjørefelt og midtstripe hele vegen?
Når det gjeld veg på Sørlandet prioriterer Venstre trygg firefelts E18 Arendal-Tvedestrand og utbygging av riksveg 9 gjennom Setesdal. Kva som kjem etter dette har vi ikkje bestemt i detalj. Det er skapt store forventningar til oppgradering av riksvegane, som nå blir overført til fylkeskommunane. Men regjeringa har ikkje sendt med pengar ennå, så dette blir ei hard nøtt å knekke for oss som vil bygge landsdelen.
5) Hva vil du gjøre for å bedre rammevilkåra for næringdrivende i distriktskommuner som Åmli? Er transportstøtte på linje med den som gis i Nord-Norge en god idé?
Store delar av Nord-Norge har nok større utfordringar enn Åmli. Lågare arbeidsgjevaravgift og Venstres tradisjonelle "dyrking" av småbedrifter og gründarar er god medisin også for Åmli. I tillegg vil vi fjerne arveavgift og formueskatt så neste generasjon lettare kan ta over eigedom og bedrifter.
6) Hva tenker du om kommunesammenslåing? Vil det være fornuftig å redusere antall kommuner i Norge, og i så fall kan du si noe om en minimunsgrense på innbyggertall?
Venstre er både far og mor til det norske lokaldemokratiet. For at lokaldemokratiet skal ha oppgåver og legitimitet er det behov for nytenking. Vi må sjå på det beste tenestetilbodet for folk, balansen mellom effektiv administrasjon og den skapande krafta som kjem frå lokal identitet og så forme det nye kommuneNorge med kjærleik både til lokaldemokratiet og kvalitetskravet frå folk. Gode fagmiljø i kvar kommune blir eit stadig sterkare krav frå borgarane. Nøyaktig minstetal for menneske i kvar kommune er lite klokt, men det som naturleg høyrer heime i arbeid, sørvis, bustad og kulturliv bør også høyre heime i same ekte lokaldemokrati. Innvikla interkommunalt samarbeid er ofte kvasidemokraktisk-byråkratisk samarbeid for dei få som rådmenn og ordførarar. Livskraftige kommunar med direkte val av dei som bestemmer for deg og meg er mykje sunnare.
7) Skal det tvinges igjennom en kommunesammenslåing dersom kommunen ikke vil?
Gulrøter smakar betre enn pisk.
8) Bør vi få ett Agder? I så fall hvilke fordeler/ulemper vil dette få for Åmli?
Ja, Venstre vil ha eitt samla Agder. Eit samla Agder vil gi større gjennomslag for heile landsdelen og for oss som bur her. Det er jo ikkje så imponerande den gjennomslagskrafta vesle Aust-Agder har hatt nasjonalt sidan 1814?
9) Hva vil du gjøre for at vi får mobildekning i hele Åmli?
Ennå ikkje full mobildekking i Åmli etter alle store ord frå Senterpartiet både før og etter valet i 2005? Sjølvsagt skal det vere full mobildekking (og breibandsdekking) i Åmli. Eg tar dette opp med vår medlem i samferdslenemnda på Stortinget, for eit spleiselag med regionale næringsutviklingspengar og statleg innsats.
10) Er det noe annet du og ditt parti vil gjøre i neste periode som får direkte betydning for oss i Åmli?
Konsekvent miljøpolitikk, satsing på kortreist mat, dyrking av gründarar (som nemnt), presse dei andre partia enda lenger i satsing på bioenergi der Venstre har vore pionérpartiet frå første stund. Satsing på stadig høgare kvalitet i skolen for å gi ungane våre den best moglege satsplanka for livssvevet.