Krev politisk avklaring frå regjeringa på kraftlinjesaka

– Eg meinar utbygginga av kraftleidninga frå Ørskog på Sunnmøre til Sogndal i Sogn og Fjordane er ei såpass viktig sak for fylket vårt at eg krev at innbyggarane våre får eit klart svar frå regjeringspartia på kva dei faktisk vil – før valet, seier Venstre sin stortingskandidat
Karl Andre Birkhol.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Kraftledninger

Foto: Henrik Østerman

– Venstre har vore krystallklare på at vi vil leggje kraftlinja som sjøkabel over fjordane på Sunnmøre. Sp sin leiar Liv Signe Navarsete har uttalt at ho går for luftlinjer, medan Jenny Klinge i den siste tida både har vore for og imot sjøkabel. Ap lokalt i Møre og Romsdal har vore positive til luftlinjene, medan miljøvernminister Erik Solheim har sagt at han vil kjempe for sjøkabel, seier Birkhol.

– Eg er redd for at SV vil gå på nok eit miljøtap i denne saka, fortsetter Birkhol.

UNESCO sin visepresident, og tidlegare olje- og energiminister, Einar Steensnæs er sterkt kritisk til planane som er lagt fram. — I tillegg til den sterke lokale motstanden mot desse kraftlinjene, burde også Einar Steensnæs` bekymringar vere eit godt argument for regjeringa for å bestemme å leggje sjøkabel, meinar Birkhol.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**