Valkamp – men også lokalpolitikk!

Voss Venstre sitt info.brev for august fortel både om viktige lokalpolitiske saker, valkamptiltak og oppfordrar til å vera aktive i innspurten!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


INFOBREV 7/09 — og valkampinnspurt!

Valkamp i alle kanalar og aviser, av og til kanskje i meste laget? Men det er eit spanande val — både for regjeringsspørsmålet og for Venstre!

Mange av oss er nok glade for at Lars Sponheim har gjentatt så klart at å støtta ei regjering med Frp er heilt uaktuelt, og heller "Jens enn Jensen". Liberal.no og Venstre.no er elles alltid oppdatert dersom du ønskjer å sjekka kva Venstre står for i dei ulike politiske stridsspørsmåla.

Og vi treng hjelp no i innspurten — sjå siste avsnitta i dette infobrevet!

Imens går lokalpolitikken vidare, med "små" og "store" saker, med fleire møte i siste del av august og i månadsskiftet; Utval for miljø og kultur (MKU) 20.08., Utval for næring og tiltak (NTA) 25.08., Utval for Levekår (LEV) 01.09. og kommunestyret 03.09..

Dei tre største sakene i kommunestyret 3.sept.; utbygging av kraftverk i Vangjolo, vidare utbygging av omsorgstenester og plan for reiseliv kom opp til endeleg behandling med innstilling frå resp. MKU., NTA og LEV .

Venstre var også denne gangen opptatt av det uheldige i å få presentert ei og ei utbygging, og m.a. utan vurdering i høve til ein ny fylkesplan som er på gang. Både av omsyn til dette, og til naturvernet, var Vangjoloutbygginga ei vanskeleg sak for V. Men vi fann å stemma for MKU si tilråding om å støtta utbygginga. Eit fellesforslag frå Venstre og Sp om at den gjeldande "Plan for differensiert forvaltning av vassdag i Voss kommune" må ajourførast, blei samrøystes vedtatt.

Administrasjonen sine føreslåtte tiltak for betre heildøgnspleie- og omsorgstenester hadde fått fleire tillegg i LEV. Venstre støtta dei fleste, m.a. planlegging av bygging av omsorgsbustadar på Udlabutomta (gml. V-sak!). Men underteikna peika på opplegget på Udlabutomta måttte også kunna nyttast som bufellesskap, og understreka dermed at bygging og drift likeså gjerne kunne vera ved ei stifting eller privat, som kommunal.

Trongen for omsorgstenester i tilknyting til institusjonane utanfor sentrum skal vurderast særskilt. Venstre støtta (dermed) ikkje framlegget om no med ein gong greia ut bygging av inntil 21 omsorgsbustader i Sambygg på Vinje.

Ap. Sp og SV føreslo at kommunen skulle leiga areal for inntil 12 sjukeheimsplassar på Hagahaugen, men driftast kommunalt. 2 av Venstre sine røysta for dette — og som blei vedtatt – mens ein stemte for rein anbodsutlysing. ( Slik admin. og LEV opphaveleg hadde tilrådd.)

Framlegget til reiselivsplan medførte lang diskusjon om eit par-tre einskildpunkt — mens dei store vyene og konsekvensane blei relativt lite omtalt. Venstre v/ Rolf Abrahamsen hadde to tilleggsframlegg; om at NTA skal prioritera tiltak kommunen må bidra med første par åra, og at gjenoppbygging av Vossalaksstamma måtte koma med i tiltaksplanen. Begge samrøystes vedtatt! Sjå elles "Hordaland" for laurdag 5.sept..

Kommunestyret vedtok elles samrøystes å setja i gang ei ordning med "open spørjetime"dvs. eigentleg 30 min., i byrjinga av kvart kommunestyremøte, der innbyggjarane kan koma med spørsmål til til kommunen eller partigrupper om spørsmål av allmenn interesse. Venstre understreka at dette var ei viktig sak for demokratiet, og føreslo elles ei oppmjuking av reglementet, slik at både spørjar og svarar skulle kunna ha ein replikk. Også samr. vedtatt!

Venstre si deltaking i styre/utval vil variera litt i haust. Dette p.g.a. at både leiar og nestleiar vil vera ein del borte i haust. Dermed kjem vararepr. meir aktivt med; Eirik Røthe Klette i kommunestyret, og Valborg Kløve Graue i MKU.

Valkampen er i innspurten!
2. kandidaten på Hordalandlista; Lars-Henrik Paarup Michelsen, har vore 2 gangar på Voss i august. Første besøket, 20. aug. medførte ein stort oppslag i "Hordaland" for 22. aug. om bioenergi og bioflisplanar på Voss. Han kom så igjen på eit valmøte 22. aug. om familiepolitikk. Han gjorde det svært bra. Men då "Hordaland" 24.08. ikkje hadde noko om hans innlegg, hadde han og underteikna ein innlegg om barnevern i avisa for 29. aug..

Eit par fleire innlegg kjem vonleg inn i avisa før valdagen. Innlegga vil også koma på heimesida for Voss Venstre (via Venstre.no).

I innspurtveka no er det stands og utdeling av Hordalandbrosjyra i postkassane det gjeld! Her skulle vi gjerne ha med nokre fleire denne siste veka!! Ta kontakt med underteikna, tlf. 911 71 590, dersom du kan bidra eit par timar!

Likeså viktig er at du snakkar vel om Venstre til familie og kjende! Den lokale gallupen i "Hordaland" 5.sept. var nok |litt under vi kunne ønskja – så
kvar einaste røyst tel!!!
Lukke til! TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**