Når er planen for gang- og sykkelveg E18 Haslestad-Lillevåje klar, og er det bevilga pengar?

21. august starta anleggsarbeidet med gang- og sykkelveg frå Goderstad til Haslestad, altså grensa mellom Tvedestrand og Arendal. Eg viser til fleire spørsmål i formannskap og bystyre om den vidare framdrifta frå Haslestad til Lillevåje, skriv Jan Kløvstad i ein interpellasjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Svaret har vore at rådmannen reknar med at reguleringsplan for strekninga Haslestad-Lillevåje skal vere klar så tidleg at anleggsarbeidet kan fortsette utan opphald. Strekninga Goderstad-Haslestad skal vere klar før juli 2010. I samtalar med Vegvesenet har eg fått opplyst at det IKKJE står pengar på Vegvesenet sitt budsjett til å bygge gang- og sykkelveg vidare til Lillevåje. Vegvesenet reknar med kr 10 000 pr løpemeter gang- og sykkelveg, og i tillegg er Vegvesenet interessert i å gjere dei to svingane ved Haslestad/Jorstadvannet slakare. Prisen på 2,6 km gang- og sykkelveg er stipulert til 26 millionar kroner pluss utretting av dei to nemnte svingane.

Derfor har eg tre spørsmål:
1. Når er reguleringsplanen for gang- og sykkelveg langs E18 Haslestad-Lillevåje ferdig?
2. Kva kan Arendal kommune gjere for å finne 26 millionar kroner (pluss å gjere svingane slakare ved Haslestad)? Må det kome ekstraløyving på statsbudsjettet? Kan det brukast statlegetiltaksmidlar?
3. Det kan sjå ut som om gang- og sykkelvegen på Tvedestrands side av kommunegrensa stoppar ved Bjørknes snaue 100 meter før grensa. Det er viktig å få vegen samanhengande. Er denne korte strekninga ein del av prosjektet i Tvedestrand eller ein del av prosjektet i Arendal?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**