I Arendals Tidende 5. september får eg eit klart inntrykk av at dagens leiing i departementet ikkje har planar om når departementet skal behandle rapporten.
Konklusjonen omkring "vår" del av E18 i KVU-rapporten er at både fylkestinget, kommunestyret i Tvedestrand og bystyret i Arendal har gått inn for kystnær trasé, og det er også rådet vegvesenet gir. Det viktige nå må vere å få rapporten ut av skuffen i departementet, slik at vegvesenet får klarsignal til å starte traséplanlegginga straks.
Planlegginga må da ta utgangspunkt i at traséen skal ligge nær kysten.
Kva kan ordføraren gjere for å få opp tempoet i departementet, slik at vi kan kome i gang med både planlegging og snarast mogleg bygging av vegen?
Jan Kløvstad, Venstre