Vil ha entreprenørskap som skulefag

Hordaland Venstre ønskjer seg større fokus på entreprenørskap i skulen. Ungdomskandidat Runar Mæland vil ha prøveprosjekt på Sotra Vidaregåande Skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Runar

Mæland meiner Sotra Vidaregåande er flinke til å samarbeide med det lokale næringslivet, men at regjeringa må engasjere seg ytterlegare. — Venstre vil ta initiativ til eit prøveprosjekt med entreprenørskap som eige programfag for alle dei yrkesfaglege retningane. Slik systemet er i dag, må eit slikt initiativ gå gjennom departementet, seier Mæland, som er femtekandidat på Hordaland Venstre si liste.

Elizabeth Toft Erichsen

Gode føresetnader i Sund
Stortingskandidaten får støtte av Elizabeth Toft Erichsen, som ønskjer eit slikt initiativ velkommen.
— Sotra Vidaregåande har gode føresetnader for å få til eit slikt prøveprosjekt. Kontakta mellom skulen og det lokale næringslivet er god, og eit auka fokus på entreprenørskap i vil gagne heile kommunen.

Dessutan ønskjer Venstre mindre fokus på teori i yrkesfaga, mellom anna for å hindre fråfall. Entreprenørskap i skulen er ein god måte å kombinere teori med ein praksis som ikkje berre kjem elevane til gode, men samfunnet som heilskap, seier kommunestyrerepresentanten frå Sund.

Fire prøveskular i Hordaland

skole

Mæland ser for seg at fire vidaregåande skular i Hordaland bør med i eit slikt prosjekt; i tillegg til Sotra vil han ha med Os, Stord og Odda.
— 70 prosent av verdiskapinga i Noreg skjer på Vestlandet, mykje av det i Hordaland. Fylket er ein openberr stad å satse tungt på entreprenørskap, meiner den unge Venstrepolitikaren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**