Tre besøk av M/S Valfisk

M/S Valfisk var tre gonger på besøk i Askvoll kommune. Her var vi på bedriftsbesøk i Holmedal, Atløy, Bulandet, Værlandet, Stongfjorden og Kvammen. Og for å gjere dagane ekstra fine og lyse for mannskapet: Askvoll klarte syte for fint vær, sol og varme.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Stand i Askvoll

Stand i Askvoll

I tillegg til bedriftsbesøka hadde vi stand i Askvoll, Bulandet og Stongfjorden. I Askvoll var båten 18. august, i Bulandet 21. august og Stongfjorden fekk æra av å få siste stopp på turneen, torsdag 3. september. I tillegg var Gunvald på paneldebatt i Askvoll onsdag 26. august.

 Bildedokumentasjon frå Askvoll

Bildedokumentasjon frå Askvoll

M/S Valfisk og mannskapet har vore 30 dagar på tur og besøkt 24 kommunar. Berre to kommunar i fylket kan ikkje nåast med båt. Det er klart at vi i Askvoll synes det var kjekt å få båten hit tre gongar og i Stongfjorden klarte vi sette prikken over i’en for turneen. (Synes sjølvsagt vi i Askvoll Venstre då)

 Morgonstund i Askvoll

Morgonstund i Askvoll

Dagen starta med prat med ferjemannskap i Askvoll, før vi sette kursen mot Stongfjorden. Her vart vi motteken av lokale Venstre folk og ikkje minst vår eigen kandidat på lista, Gunhild.

 Gunhild: 4. kandidat på stortingsvallista

Gunhild: 4. kandidat på stortingsvallista

Første besøket tok vi til Flokenes Fiskefarm. Her fekk vi innblikk i deira utfordringar og ikkje minst korleis utbygginga av Engabøfeltet i Vevring kan påverke deira kvardag. På Stongfjorden Mekaniske fekk vi sjå folketurbinen. Etter desse to besøka var det stand utanfor butikken – vaflar og kaffi vart servert og mange hadde tatt turen ut i fineværet.

 På besøk hos Flokenes Fiskefarm

På besøk hos Flokenes Fiskefarm

Når butikken stengte gjekk turen til Sunnfjord Geosenter og Hønsehagen Vinkjeller. I lyse kontor- og konferanselokale fekk mannskap og gjestar ei presentasjon av konseptet til Lindgren/Alsaker – og etter presentasjonen gjekk turen ned i kjellaren deira: Hønsehagen vinkjeller. Her fekk vi servert eit stort og godt måltid med godt tilbehør. Saman med mannskap og lokale Venstrefolk hadde vi ei fin avslutting på tre besøk i Askvoll og for mannskapet sin del: Ei fin avslutting på 30 dagar på kjøl.

Sjekk heile turneen til M/S Valfisk på www.msvalfisk.wordpress.com og litt av bildedokumentasjonen frå stoppa i Askvoll: Takk for tre flotte besøk hos oss i Askvoll!

 Folketurbinen til Stongfjorden Mekaniske

Folketurbinen til Stongfjorden Mekaniske

 Marlene stod for steiking av gode vaflar i Stongfjorden

Marlene stod for steiking av gode vaflar i Stongfjorden

 Nudistleir i Bulandet - skilt med klesknagg

Nudistleir i Bulandet – skilt med klesknagg

 Naturens eige kunstverk: Skriket mellom Bulandet og Værlandet

Naturens eige kunstverk: Skriket mellom Bulandet og Værlandet

 Småprat i båten i fint vær

Småprat i båten i fint vær

 Varm velkomst ved Hønsehagen Vinkjeller

Varm velkomst ved Hønsehagen Vinkjeller

 Vertskapet Synne og Einar Alsaker

Vertskapet Synne og Einar Alsaker

 God mat og drikke i Hønsehagen Vinkjeller

God mat og drikke i Hønsehagen Vinkjeller

 Kåre-Jarl Langeland stadfestar prikken over i'en

Kåre-Jarl Langeland stadfestar prikken over i’en

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**