Fantastisk rundtur i fylket

Så var det gjort. Venstre sin valkampbåt, M/S Valfisk har avslutta rundturen i fylket. I ein månad har vi reist rundt og besøkt store og små stadar i fylket. Vi har sett heile Sogn og Fjordane frå ytterst i Askvoll til innerst i Årdal. 24 av 26 kommunar nådde vi med båten vår. Dei to vi ikkje nådde, Hornindal og Jølster, køyrde vi til. Om eg skal oppsummere turen ved hjelp av tre ord må det bli: Spennande, lærerikt og ikkje minst artig. Utruleg artig har det vore å reise rundt på denne måten. Eg har lært mykje om både geografien i fylket, kor ulikt dette fylket er, og alt det spanande som fins her. Det er ikkje tvil om kvar ferieturen til neste år skal gå.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Venstre i vinden!

Venstre i vinden!

Det eg lærte mest av, var besøka i dei ulike kommunane, og det å få besøke masse ulike bedrifter. Å få sjå kva utfordringar folk slit med i praksis, er noko heilt anna enn å høyre og lese om det. Det har vore fantastisk å sjå heile fylket frå sjøsida. Det er noko heilt anna enn å køyre rundt med bil. Sogn og Fjordane er faktisk eit kystfylke, og dette har vi lett for å gløyme. Det er utruleg viktig at vi tek vare på den kulturen som fins langs kysten, elles risikerer vi at den forsvinn.

Eg har ikkje tal på kor mange vi møtte på denne turen, men det var mange. Det er utruleg spanande å kunne høyre kva erfaringar ulike folk har. Ein kan seie kva ein vil om valkampar, men lærerikt er det. Det er heilt sentralt at vi som politikarar tek oss tid til å reise rundt og besøker ulike stader. Målet er jo trass alt ikkje berre å sanke stemmer og servere valflesk, vi skal trass alt læra noko og.

Sogn og Fjordane er eit fantastisk fylke, og vi må ikkje vera redd for å syne oss fram. Ei oppfordring som går til alle bedrifter i Sogn og Fjordane, er at ein må verte meir synlege. Dette er sentralt dersom ein skal få folk til å flytte til og tilbake til fylket. Fylket er inne i ei utfordrande tid, og her har vi alle ein jobb å gjere. Eg har alltid hatt trua på Sogn og Fjordane, men etter denne turen er eg heilt overbevist. Sogn og Fjordane ER framtidsfylket.

Tusen takk til alle som stilte opp og gjorde denne turen så vellukka som den vart. Og målet for alle: Gunvald på tinget!

 Gunvald på tinget!

Gunvald på tinget!

Dersom du ynskjer å sjå bilete og referat frå turen, gå inn på: www.msvalfisk.wordpress.com

På vegne av valkampsekretærane og mannskapet om bord:
Janne Sørum,
Sogn og Fjordane Venstre sin 3. Kandidat ved Stortingsvalet og leiar av Sogn og Fjordane Unge Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**