Meir lokalt ansvar for barnevernet!

Oppgåvedelinga innan barneveret mellom stat og kommune synest dessvere i mange tilfelle å føra til ansvarspulverisering og lang behandlingstid. Men talet tilsette i den statlege delen veks og veks. At meir av ansvaret må bli lokalt, er dermed eit hovudpunkt i eit innlegg i lokalavisa “Hordaland” for 29. aug.:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


LOKALT BARNEVERN MÅ STYRKJAST!
Første del av debatten i valmøtet 20.aug. på Voss om barne- og familiepolitikk dreide seg om barnevernet. Utanom ei setning om Styve gard, hadde “Hordaland” for 22. aug. dessverre ikkje noko om denne viktige delen av møtet.

Det blei nemnt at barnevernet gjer ein god jobb. Men Venstre sin repr., Lars-Henrik P. Michelsen, viste til at svært mange barn i Noreg stadig vekk ikkje får oppfylt rettane dei har etter FNs barnekonvensjon.

Han peika vidare på at todelinga av oppgåver mellom kommune og stat i ein del tilfelle synest å føra til ansvarspulverisering. Avgjerder blir ofte tatt seint og langt borte frå dei det gjeld. Samstundes er det er i den statlege delen av barnevernet at tal tilsette har auka stort siste åra!

Venstre går derfor inn for ei meir heilskapleg organisering av barnevernet ut frå eit prinsipp om desentralisering til lokale styresmakter i så stor grad som råd er. Dvs. at kommunar med gode fagmiljø skal ha ansvar for barnevernoppgåver som i dag er statlege.

Og styrking av det kommunale barnevernet må vera den viktigaste prioriteringa av barnevernet framover! Vidare må kommunane kunna tilby ettervern til ungdomar som har vore i barnevernomsorg.

Her ser vi igjen eit eksempel på ein av dei store skilnadene mellom alternativa på valdagen; dei raudgrøne og Frp si klokkartru på statleg detaljstyring og sentralisering, kontra Venstre si tru på lokal styring.!
Lars-Henrik Paarup Michelsen, Venstre sin 2.kand. i Hordaland, Torstein Gunnarson, Voss Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**