Lars-Henrik på Voss!

2.kandidaten på Venstre si Hordalandliste; Lars-Henrik Paarup Michelsen, har hatt 2 vellykka Vossabesøk i august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


18. august fekk Lars-Henrik ei grundig orientering om bioenergi og flisfyring, i tilknyting til eit prosjekt på Voss som Indre Hordaland Miljøverk og Voss energi står bak, med støtte m.a. frå Innovasjon Norge. Eit mekanisk tørkeanlegg for flis på avfallsplassen på Bjørkemoen står her sentralt for å kunna etablera varmesentralar på Voss basert på skogsflis.
Deretter fekk han sjå korleis ombygging av ein gamal kraftstasjon, på Palmafossen, vil gje ein mangedobla effekt.
Det første emnet fekk ei heilside i lokalavisa “Hordaland” for 20. aug.!
20.august deltok han også i eit valmøte på Voss om familiepolitikk m.v., arrang. av KrF. Der gav han eit svært godt inntrykk. Lars-Henrik peika m.a. at ansvaret innan barnevernsaker i større grad må vera lokalt. Lokalavisa hadde ikkje noko om dette i sitt referat. Nokre hovudpunkt kom dermed i eit lesarinnlegg frå han og Torstein Gunnarson i avisa 29. aug.. T. Gunnarson

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**