Opptrappinga av dei økonomiske ressursane til forsking må vera forpliktande og langsiktig. Venstre vil difor ha som førsteprioritet å auke den norske forskingsinnsatsen til 3 % av BNP innan 2013, av dei 1 % frå offentlege kjelder.
Den forskinga Vestlandsforsking driv med i forhold til miljø, transport, klima og energi, er svært viktig i den tida vi no går i møte. Vi må difor leggje til rette for at dei kan halde fram med dette arbeidet. For at Vestlandsforsking i tillegg skal kunne vera relevant internasjonalt må forskarane tore å gå i nye, uprøvde retningar. Dei må få bruke tida si på forsking, rettleiing og undervisning føre søknadsskjema og administrasjon. Dette kan ein kun sikre gjennom ei auke i basisfinansieringa.
Gunvald Ludvigsen,
Sogn og Fjordane Venstre sin 1. kandidat ved Stortingsvalet