Venstre-ballen har blitt ein institusjon for Giske Venstre, og blir sett stor pris på av både medlemmer og andre vener. Torsdag 3. september har vi invitert 2. Kandidaten for M&R Venstre og varaordfører i Stranda, Karl Andre Birkhol.
Karl Andre har lang fartstid i Venstre til trass for sin unge alder, og har eit spesielt brennande engasjement for skule og utdanning. Spesielt brenn han for ungdom som dett ut av eit vidaregåande utdanningsløp, noko også Giske kommune slit med.
Ta turen og nytt sjansen til å møte Sunnmøre sin representant for Venstre!
Hjartleg velkomen skal du vere!
Dato: 3. september 2009
Tid: 16:00 – 18:00
Stad: Hellarstova Gjestegaard