Kulturpampen og kulturrampen

Eit av valkampbidraga eg har minst sans for så langt, er den såkalla Kulturkampen. Den går ut på at ein klikk av B-, C- og D-kjendisar i hovudstaden formanar folket om å røysta raudgrønt, ellers kan dei mista jobbane sine, skriv Runar Mæland i dette innlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Kultur

Eg vil ikkje spekulera i om Frp har sponsa kampanja, men eg er ganske sikker på at dei som er tilbøyelege til å røysta på Frp i utgangspunktet, får enno meir lyst til å gjera det etter å høyrt denne propagandaen. Framtrinnet til Frp sin populisme er at han er folkeleg anti-snobbete og -elitistisk, og folk som liker slikt blir sjeldan omvendte av formaningar frå snobbe-elita.

Runar

Så til saka. Eg deler Kulturkampen sin kritikk av kulturpolitikken Frp står for, og håper sjølvsagt dei aldri får makt til å gjennomføra han: det gi eit flatare og mindre mangfaldig kulturliv. Folk vil ha eit breiare kulturtilbod enn dei nyttar seg av sjølve – me liker at det skjer ting rundt oss, og me vil ha litt å velja i. Det er også viktig å ta vare på den kulturen som ikkje har ein umiddelbar kommersiell marknad, men som peiker framover og gir impulsar for nytenking til det øvrige kulturlivet.

Les heile innlegget her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**