Venstres identitet og grøne garanti

Trine Eilertsen tek feil når ho i BT 1.9 etterlet eit inntrykk av at Venstre har gitt garantiar i denne valkampen som vi ikkje kan stå inne for.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Olje

Venstres første garanti er at vi ikkje skal vere med å administrere olje- og gassutvinning utanfor Lofoten og Vesterålen. Gasskraftsaka frå 2000, der sentrumsregjeringa gjekk av fordi stortingsfleirtalet ville presse gjennom gasskraftverk utan CO2-rensing, viser at Venstre meiner alvor når vi gjev slike garantiar. Å hindre oljeutvinning utanfor Lofoten og Vesterålen er like viktig for Venstre som det kontantstøtta er for KrF.

Grunnen til det er at Lofoten og Vesterålen har enorme naturverdiar og fiskeressursar som bør sikrast for framtida. Dessutan er spørsmålet om oljeutvinning i desse sårbare havområda eit spørsmål om fortid versurs framtid. Mellom dei som vil bruke ressursane på å utvinne olje og gass heilt til det ikkje er noko att, og dei som vil vri pengestraumen mot utvikling og produksjon av ny fornybar energi.

Dagens regjering har brukt fleirtalet sitt på å utsetje overgangen til lågutsleppssamfunnet. Dei har skutt seismikk for over 400 millionar kroner utanfor Lofoten og Vesterålen, dei har opne det kystnære Goliat-feltet for oljeutvinning, dei har gitt signal om å leite etter olje og gass utanfor Jan Mayen og dei har sett ny norsk rekord i talet på nye leitetildelingar på sokkelen. Samstundes har Noreg under raudgrønt fleirtal sakka akterut i høve til utvikling av ny fornybar energi og gått vekk frå forskingsmålet om å bruke minst 3 prosent av BNP på forsking.

Olje har gjort Noreg rikt, men olje er ikkje framtida. Når Venstre seier nei til oljeboring i fjøresteinane utafor Lofoten og Vesterålen, så seier vi samstundes ja til å vri pengestraumen frå olje- og gassektoren i ein klimavenleg retning. Vi vil mellom anna stille som krav ved framtidige investeringar på sokkelen om at minst ti prosent av investeringane skal gå til ny fornybar energi. I følgje SSB vil petroinvesteringane på norsk sokkel nå omlag 145 milliardar kroner i 2009, og ti prosent av dette er mykje pengar.

Oljeraffeneriet på Mongstad

Men viktigare: Eit slikt krav vil vere eit tydeleg signal til industrien om kor vi vil at samfunnet skal gå. Kombinert med målretta opptrapping av innsatsen for forsking og utvikling, og meir offentlege støtte til klimateknologi, skal dette skape den fossilfrie framtida.

Venstres andre garanti er at vi ikkje skal gå i regjering med Frp, eller å bidra til at Frp kjem i regjering, Denne garantien handlar ikkje om Siv Jensens hårfrisyre, men om Framstegspartiets politikk. Haldningane Frp forfektar i spørsmål om innvandring, miljø, kultur og internasjonalt utviklingsarbeid er så fjernt frå det eg som Venstremann står for at det ikkje er augekontakt mellom oss. Der Frp draumar om billegare sprit og fjerning av bomstasjonar, er Venstres draum å bygge kunnskapssamfunnet som ikkje er avhengig av olje, kol og gass. Ein reiser ikkje på tur til Italia med nokon som har satt kursen mot Polen.

Lars-Henrik Paarup Michelsen

Spørsmåla om Lofoten/Vesterålen og Frp heng saman, for dei handlar begge om retninga for samfunnsutviklinga og om Venstres identitet som parti. Det er grunnen til at vi har gitt to garantiar i denne valkampen!

Lars-Henrik Paarup Michelsen, Hordaland Venstres 2.kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**