Det er så spanande å koma til Stord og sjå kva som har skjedd. Gamal industrikunnskap har blitt til nye og spanande bedrifter og prosjekt, seier Venstre-leiaren, og kommenterte choke-turbinen til Tool-Tech slik: Det er så enkelt at sjølv eit bondehovud som meg forstår det.
Når det gjeld kva politikarane kan gjera for å støtta miljøteknologi som Tool-Tech har utvikla, nemner Sponheim at Venstre har føreslått ei statleg støtteordning for miljøteknologi og eigne avskrivingssatsar for miljøinvesteringar, skriv avisa.