Liberal.no: Uintelligent asyldebatt

Korleis kan intelligente politikarar og journalistar akseptere at asylpolitikk blir debattert på ein så uintelligent måte som det tilfellet er i dag, spør Lars-Henrik Paarup Michelsen i dette innlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Jente med hijab fisker i Mandal

Resultatet av den einspora asyldebatten har blitt ein politisk konkurranse om å framstå som det strengaste partiet. Det blir legitimt å massemistenke asylsøkarar for å vere kjeltringar, og ingen reagerar lenger på politikarar som vil ofre grunnleggjande verdiar for å hindre at asylsøkarane kjem hit.

Lars-Henrik Paarup Michelsen

Det er eit faresignal at sjølv Jonas Gahr Støre i debatt på NRK 19.august nølte med å svare programleiaren om han støtta Frps framlegg om å opprette lukka asylmottak eller ikkje. Eg hadde forventa at vår kloke utanriksminister ville slått knyttneven i bordet og fortalt programleiar, motdebattantar og tilhøyrarar at liberale demokrati som det norske ikkje fengslar menneske som ikkje har gjort noko kriminelt, for det er det lukka asylmottak er.

Asyls flytning immigrasjon

Framlegget går ut på å nekte asylsøkarar fridom til å bevege seg rundt i samfunnet i tilfelle dei ein gong kjem til å gjere noko kriminelt. Dette er politikk ein forventar frå diktatur som Nord-Korea og Kviterussland, men kven bryr seg om det?

Uenig med Lars-Henrik Paarup Michelsen? Les resten av innlegget her og fortsett dialogen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**