VENSTRE KREV EIN PLAN for miljøvenleg energiutbygging

Ved aktivt å stimulere til auka forsking på, og produksjon av teknologiske løysingar, har vi no sjansen til å verte verdsleiande produsent av miljøvenleg energi og teknologi i M&R.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Det har vore mange utfordringar i høve til satsing på vindkraft med bakgrunn i at det bl.a. oppstår interessekonfliktar ved utbygging av vindmøller.

Venstre er eit parti som tenkjer langsiktig og ønskjer no at det vert utarbeida ein total plan for korleis ein kan satse på fornybar energi utan at det kjem i konflikt med andre interesser.

Vi i Venstre er opptekne av at utbygging av vind- og vasskraft ikkje får negative følgjer for reiselivet i fylket. Reiseliv vil vere ein av dei viktigaste næringane for M&R dei komande åra. Reiselivet består hovudsakleg av små og mellomstore bedrifter, noko som er eit kjerneområde i Venstre sin politikk, og deira satsing er avhengig av langsiktig tenking frå oss politikarar. Derfor er det viktig at vi kan utarbeide ein plan for energiutbygging der vi unngår å påføre andre næringar negative konsekvensar.

Venstre krev at konsesjonen for utbygging av overføringslinja mellom Ørskog og Fardal vert trekt tilbake. Det vil få store følgjer for reiselivet og busetnaden i regionen om ikkje linja på utsette stader av strekninga vert lagt i kabel. Ei linje i luftspenn gjennom Ørsta, Volda og Sykkylven vil rasere store og unike naturområde. Dersom Geiranger og fjordlandskapet sin status som verdsarvområde vert svekka vil dette få følgjer ikkje berre for M&R, men også for Noreg som reisemål

Ved å utarbeide ein fylkesplan for energiutbygging kan vi få til ei utvikling som langt på veg kan imøtekome dei fleste interessene.
At NVE no ikkje anbefalar utbygging av Havsul prosjektet langs kysten vår, viser behovet for ein slik heilskapleg plan.

Venstre ønskjer satsing både på fornybar energi og reiseliv. Dette er mogleg å kombinere.

Karl Andre Birkhol
Møre & Romsdal Venstre
2. kandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**