Synnøve Handeland og Runar Mæland er høvesvis fjerde- og femtekandidat på stortingslista til Venstre, og som kvinnhering og stordabu føler dei transportbehova på Vestlandskysten på kroppen. Difor er dei glade for at Venstre har gjort nokon harde prioriteringar, skriv dei i ei pressemelding.
Venstre nasjonalt har sagt at me ynskjer å prioritera kyststamveg mellom Stavanger og Trondheim framfor andre vegprosjekt, seier Synnøve Handeland, og legg til at tilhøva på Vestlandet er slik at det er heilt naudsynt med ein kyststamveg, og ein bør starta med strekkja Stord Bergen.