Venstre har mange og ambisiøse mål for framtidas "lavutslippsamfunn" og er klar til å forhandle om eit betre forlik. Men enda viktigare er det at vedtak blir følgd opp i praktisk politikk. Regjeringa har til dømes enda ikkje fått på plass dei "grøne sertifikata", eller anna støtteopplegg for auka fornybar energiproduksjon, som avtala i forliket i 2008. Og nokre dagar før Solheim mellom anna seier at han vil ha tøffare energikrav til bygg, avslører Teknisk ukeblad at regjeringa ikkje har stilt energikrav til det nye regjeringsbygget. Samstundes er det fleire eksempel på at både privat næringsliv og kommunar frivillig har valt energikrav i bygg utover minimumskrava. Det er skuffande å sjå så lite framsynt handling frå SV og regjeringa i forhold til framtidas energisituasjon.
Lavrans Skuterud
4. kandidat, Sør-Trøndelag Venstre