Venstre vil auke satsinga på rehabilitering

Venstre vil ha ein målretta opptrappingsplan for rehabilitering. Målet er at alle som har behov for rehabilitering må få eit tilbod raskast råd. I dag fell altfor mange ut av arbeidslivet fordi dei ikkje får eit rehabiliteringstilbod tidleg nok.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Dette uttalte stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen då han la fram Venstre sin handlingsplan for auka satsing på rehabilitering under eit besøk på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler torsdag.
Eit viktig tiltak blir å sikre betre rammevilkår for dei private institusjonane. Det er https://www.venstre.no/img/photos/source/5695_thumb.jpgheilt naudsynt med lengre avtaleperiodar med helseføretaka. Avtaletida må aukast frå eitt til minimum fem år. Då kan institusjonane legge langsiktige strategiar og sikre god fagutvikling og forskingsaktivitet, sa Ludvigsen.

Betre utnytting av kapasiteten
Mange private institusjonar har i dag ledig kapasitet. Samtidig får ikkje pasientar med eit reelt behov eit tilbod i det heile — eller må vente i lang tid før dei får plass. Dette er uhaldbart for dei det råkar — i tillegg til å vere dårleg samfunnsøkonomi. Venstre meiner at før ein bygger ut rehabilitering i regi av helseføretaka, må den ledige kapasiteten hos dei private nyttast ut.
Ludvigsen slo vidare fast at det i større grad må nyttast ledig kapasitet eller byggast ut institusjonar i eigen helseregion i staden for å kjøpe plassar frå andre regionar. Til dømes har Helse Vest færre rehabiliteringsplassar enn dei andre helseregionane i landet.

Fokus på kreftrehabilitering
Eit viktig satsingsområde er å få auka fagkunnskapen om kreftrehabilitering. Ludvigsen viste til at dette er eit relativt nytt fagfelt samtidig som ein stadig større del av befolkninga vert råka av kreft. I dag er det mange som overlever kreftbehandlinga, men som slit med å kome tilbake til eit aktivt liv.
Venstre meiner det er trong for eit eige kompetansesenter for rehabilitering av unge kreftpasientar. Røde Kors-senteret på Haugland var tidleg ute med både å gjennomføre og følgje opp nye forskingsprosjekt for kreftrehabilitering. Venstre er difor positive til planane om å utvikle senteret i Fjaler til eit framtidig nasjonalt komptansesenter, sa Ludvigsen.

Glad for initiativet
Inger Johanne Osland som er direktør ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter seier i ein kommentar at ho deler synspunkta til Ludvigsen og er glad for initiativet frå Venstre i denne saka. Ho ynskjer seg eit breiast mogeleg politisk samarbeid slik at auka satsing på rehabilitering kan bli sett på den rikspoliske dagsorden i den komande stortingsperioden

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**