NVE har gitt Statnett konsesjon til å bygga og drive ei 420 kV kraftlinje tvers gjennom Hardanger. Planane vil føra til massive naturinngrep i Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam og Samnanger. I alt 45 personar og organisasjonar har klaga saka inn til Olje- og Energidepartementet. Fordi dette er ei sak med interesse langt utover Hardanger, inviterer vi dykk på felles synfaring i Hardanger.
Venstre har både på fylkesplan og nasjonalt teke klart standpunkt imot luftspenn gjennom Hardanger. På Stortinget har vi etterlyst nye retningslinjer som krev sjøkabel i staden for luftspenn i område som Hardanger, slik at ein kan unngå store negative konsekvensar for naturmiljø, friluftsliv, landskap, reiseliv og biologisk mangfald. Regjeringa har sagt dei vil koma med vurderingar av dette, men ikkje levert synlege resultat så langt.
Det er lett å tru at når regjeringa ikkje tilkjennegjev standpunkt før stortingsvalet, betyr det at de ikkje vil omgjere NVE-konsesjonen om å tillate bygging av kraftlinja i luftspenn. For demokratiets del er det viktig at alle partia som stiller til val seier kva deimeiner om kraftlinjeplanane i Hardanger. Difor vonar me de responderar positivt på invitasjonen.
Vi er fleksible på tidspunkt og ber dykk kome tilbake til oss med framlegg til dag og tid. Er det ønskjeleg, tek vi og på oss å koordinera eventuelle møter med involverte partar og Folkeaksjonen motkraftlinje i Hardanger. Vi har og vore i kontakt med Bergen Turlag, som seier at dei gjerne blir med på synfaring no før valet.
Venleg helsing
Gunnar Kvassheim,
Leder Stortingets energi- og miljøkomité (V)
Lars-Henrik Paarup Michelsen,
Hordaland Venstres 2.kandidat til stortingsvalet