Valkampen er i gang

Fredag 7. august opna fylkes-Venstre valkampen i Florø. Og for ein artig og fornuftig vri partiet har gjort denne gongen:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Med skuta

Gunvald og M/S Valfisk

Foto: Linda Ness Rotihaug

MS Valfisk avlegg Venstre visitt i alle kommunane i fylket med salt strandlinje. (Dei to innlandskommunane får sjølvsagt besøk også — via landevegen.) Eg oppfordrar alle til å følgje med på Valfiskbloggen — du kjem til den gjennom heimesida til fylkespartiet eller direkte på http://msvalfisk.wordpress.com/
Artig og interessann lesnad ikkje minst takka vere dei to ungdommelege vakampsekretærane Janne og Sveinung.
Til Balestrand kjem valkampbåten tysdag 25. aug. Møt opp i Holmen mellom kl. 16 og 18, og slå av ein prat med stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen. Gunvald er ein dyktig representant for fylket, og det er viktig at han får fornya tillit. Støtt opp om Venstre — partiet som har småbedrifter, miljø, velferd og kunnskap som sine fremste hjartesaker.

Råmund Nyhammer
– leiar i Balestrand Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**