Frp er ikkje eit borgarleg parti

Adressas Trygve Lundemo har 12. august ein kommentar om “regjeringsforhandlingane” under Val-Robinson-arrangementet på Krokholmen. Der vart Venstre, Kristeleg folkeparti, Høgre og Framstegspartiet “tvunge” i forhandlingar, og Lundemo kommenterer kor uklåre desse “borgarlege” forhandlingane var. – Det er ikkje så rart, skriv Lavrans Skuterud i dette innlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Lavrans Skuterud

Dette skuldast sjølvsagt at Venstre og KrF ikkje vil i regjering med FrP. Venstre og FrP har grunnleggjande forskjellige syn mellom anna på enkeltmenneske sitt sosiale ansvar, ein sterk offentleg sektor som middel for å oppnå sosial rettferd og like moglegheiter for alle, Noreg sitt ansvar i miljø og klimaspørsmål, og innvandrings- og bistandspolitikk. Derfor vil ikkje Venstre — på same måte som fleirtalet i Noreg — ha FrP i regjering. FrP kallar seg liberalistiske, men har for eksempel i næringspolitikken — i sin iver etter å sanke stemmer frå Ap — vist ei vinglete haldning til statleg eigarskap. I partileiarutspørjing i NRK 11. august ville ikkje ein gang Siv Jensen stadfeste at FrP er eit borgarleg parti! Det seier det meste om grunnlaget for "skodespelet" på Krokholmen.

For meir fridom OG meir ansvar,
Lavrans Skuterud, 4. kandidat, Sør-Trøndelag Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**