Før eller seinare i livet kjem vi vel alle bort i situasjonar der vi er pårørande til nokon som har eller har hatt det vondt:
oppleva ulukke / tragisk død
har kanskje sete i fengsel
har kome i kontakt med stoff
slit med misbruk av alkohol / medikament
har psykiske vanskar
slit med speleavhengigheit
Vi ønskjer ein kveld der vi har fokus på pårørande til dei som møter desse utfordringane.
Difor inviterer vi til ein kveld slik:
STAD: RØDE KORS HUSET PÅ BRYNE
NÅR: MÅNDAG 24. AUGUST KL 1830
Korte innlegg ved:
ELSE SOFIE EGELAND, 1. nestleiar i Norske Kvinners Sanitetsforeining
LINKI SALTE, veiledningssenteret for pårørande i Sandnes,
BERIT BROMAN FOSS, pårørande
REPRESENTANT frå helsetenesta i Time kommune
Høve til spørsmål, innlegg og meiningsytringar frå dei som er til stades
Vi vonar at nett DU tykkjer dette er interessant og vil vera med oss.
Difor vender vi oss nett til DEG
DU skal vita at nett DU er hjarteleg velkommen
Vel møtt!
Med helsing
Knut Norddal Ingebjørg K. Undheim
Leiar i Time Venstre Kommunestyrerepresentant
Time Venstre