Ein kjend Radværing

Arne Villanger er kjend som kulturarbeidar og politikar i Radøy. Arne Villanger fyller 80 år 7. august.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Arne Villander

Etter si ungdomstid på Stend og i Fana, kom Arne attende til sin barndomsheim og overtok gardsbruket der. Arne engasjerte seg mykje i frilynt ungdomsarbeid og deltok også i den kommunale politikken og har representert Venstre i kommunestyret i mange år.

Radøy Venstre

Arne er svært aktiv for å taka vare på kulturarven vår og like eins minne for dei som sette livet til i kampen for Noregs frigjering ved siste verdskrig. Arne fekk for kort tid sidan hans majestets kongens fortenestemedalje i sølv for sitt arbeid i bygdesamfunnet på Radøy.

Me ynskjer vår talsamnn i bygdepolitikken gjennom mange år hjarteleg tillukka med 80-årsdagen, og vonar på mange gode år vidare!

Med helsing
Radøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**