Makan til uforpliktande, tåkeleggjande tomprat har eg knapt nokon gong høyrt frå politikarar, og det seier jo sitt. Regjeringspartia manglar visjonar for framtida til Noreg – det einaste argumentet dei bruker for at dei framleis skal ha makt, er at alternativet er verre.
Men dei klarte ikkje å overtyda om det, heller. Partia la fram sju grunnar til fortsatt raudgrøn regjering. Med lett omskriving blir dei langt sterkare argument for at landet fortener ei betre regjering enn dei siste fire åra. Det er framleis nokså keisamt, men alle punkta melder faktisk om kursendring. Dei er inspirerte av Venstres program, og kan enkelt gjennomførast i ei samarbeidsregjering med H og KrF.