Denne dagen håpar vi å sjå så mange Venstrefolk som mogleg i Florø, slik at vi kan lage ei fin ramme kring arrangementet og få ein beste mogleg start på valkamp-turnéen.
Vidare vil båten reise rundt i fylket heilt fram til 5. september. Vi er i ei ny hamn kvar dag, og lit på at dei lokale venstrelaga vil vere med oss og drive aktiv valkamp når vi vitjar dei ulike kommunane.
Dersom nokon har lyst å ta seg ein eller fleire dagar ombord i skuta og vere med Sogn og Fjordane Venstre og drive valkamp, er det sjølvsagt høve til dette! Vi har rimeleg godt med plass ombord, og ynskjer gjerne å ha med oss så mange Venstrefolk som mogleg. Så om du kunne tenkje deg ein eller fleire dagar med sjøliv, politikk og godt selskap, er det berre å sende ein e-post til [email protected]. Seglingsruta for båten finn du her: https://www.venstre.no/files/sognogfjordane/sognogfjordane/Reiserute%20valkamp%202009.htm