Kultursentralisme

Kultur-Noreg er skræmande sentralisert. Det me allereie mistenkte er blitt stadfesta av ein rapport Agderforsking har lagt fram, og som viser at Oslogryta får ein uproporsjonalt stor del av dei statlege kulturmidlane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Korps

Det er naturleg at mykje kultur er samla i området der det bur flest folk. Men den statlege kulturinnsatsen burde bidra til å utjamna heller enn å forsterka denne tendensen. I dag bruker staten fem gonger meir på kultur per innbyggjar i Oslo og Akershus enn i resten av landet.

Sentraliseringa har skjedd i takt med at dei statlege kulturløyvingane har auka, og staten har auka si makt over kulturlivet. Som ellers i norsk forvalting, ligg staten i dette tilfellet Oslo. Når så mange av dei som bestemmer over kulturlivet i Noreg bur og arbeider i hovudstaden, er det ikkje rart at Oslo kjem godt ut av det når ressursar skal fordelast.

Blacksheeps

Sentralismen er negativ for regionane, fordi kulturtilbod og kulturarbeidsplassar er viktig i utviklinga av attraktive lokalsamfunn. Han er like negativ for utviklinga av kulturen: Når for mykje makt blir samla på for få hender på éin stad, blir noko av dynamikken som driv kulturen framover sett under press.

Kultur, teater

For Venstre er det difor ei prioritert oppgåve i kulturpolitikken å spreia makt. Det går an ei sterk offentleg satsing på kultur, utan at det medfører ei sterk statleg styring av kulturen. Då må me sjå til at den framtidige veksten i kulturbudsjettet kjem heile landet til gode.
Kommune og fylkeskommune kan også ta ein større del av finansieringsansvaret om dei blir meir økonomisk robuste.

Dei regionale kulturinstitusjonane, som er viktige drivkrefter og knutepunkt, må vera sikra god, langsiktig finansiering. Samstundes må det leggjast til rette for ei uavhengige aktørane som står for nyskaping og mangfald. Ein enklare kvardag og betre økonomiske vilkår for småbedrifter og sjølvstendig næringsdrivande vil ikkje minst koma kulturlivet til gode, fordi det er her ein finn dei fleste kulturarbeidsplassane.

Runar

Kulturpolitikk er meir enn løyvingar over statsbudsjettet. For å styrka mangfaldet, engasjementet og nærleiken til publikum vil Venstre også bruka næringspolitikken, kommunalpolitikken og skattesystemet til å spreia makt. Det har både kulturlivet og det regionale Noreg godt av.

Runar B. Mæland
Ungdomskandidat, Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**