Tenk om det finst olje på Hardangervidda?

Bør vi undersøke moglegheitene for eit framtidig oljeeventyr på Folgefonna eller Hardangervidda? Spørsmålet kan verke ironisk, men med dagens regjering er det alvorleg meint, skriv Lars-Henrik Paarup Michelsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Det handlar om vi skal ha grenser for kvar StatoilHydro, Shell og BP skal få leite etter olje og gass, slik at vi kan sikre natur og dyreliv i viktige område. Regjeringa meiner openbert ikkje det.

Oljeraffeneriet på Mongstad

I desse dagar arbeider dei raudgrøne partia med planar om oljeleiting ved Jan Mayen i Arktis – eit havområde like vilt og vakkert som overnemnde nasjonalparkar. Olje- og energiminister Terje Riis-Johansens argument er at "Noreg må komme i gang med virksomhet i nye områder" for å oppretthalde oljeinntektene (NRK 23.07). For å vise kor utålmodig han er vil Senterparti-statsråden allereie i august reise på oljetokt til Jan Mayen. Det meiner vi i Venstre er uansvarleg!

Jan Mayen ligg i eit område kjend for høg produksjon og store førekomstar av dyreplankton, fisk, sjøfugl og sjøpattedyr. Med 300 000 hekkande par og fleire sjøfuglkoloniar er øya i ei særstilling når det gjeld førekomstar av sjøfugl. I dette området finn ein og nokon av verdas største og viktigaste fiskebestandar som norsk vårgytande sild og nordaustarktisk sei. Jan Mayen inneheld så store naturverdiar at området burde fått status som nasjonalpark til havs, ikkje som nytt olje- eller gassfelt.

Solnedgang sjø hav

SV forsøker så godt dei kan å framstille vedtaket om oljeleting ved Jan Mayen som uforpliktande, men det er det sjølvsagt ikkje. Seismikkskytinga som regjeringa har starta utanfor Lofoten og Vesterålen har dei siste tre åra kosta den norske stat over 400 millionar kroner. Riis-Johansens planlagde oljeleiting på Jan Mayen vil venteleg koste endå meir. Politikk handlar som kjent om å prioritere, og regjeringa har i energipolitikken prioritert å investere pengane og engasjementet sitt i petroleumsverksemd i sårbare havområde framfor på rein, fornybar energi.

I desember skal verdas politiske leiarar møtast i København med ambisjon om å bli einige om ein ny, ambisiøs klimaavtale. At den norske regjeringa bruker oppkøyringa til dette viktige møtet til å fremje oljeboring i eit arktisk havområde er oppsiktsvekkjande. Signalet som Stoltenberg-regjeringa sendar omverda er at Noreg ikkje er innstilt på å gjere noko med hovudårsaka til klimakrisa, nemleg produksjon og forbruk av fossil energi. Den internasjonale klimastrategien til dei raudgrøne går altså ut på at det er alle dei andre som må endre seg. La oss håpe "alle dei andre" ikkje tenker som den norske regjeringa.

Lars-Henrik Paarup Michelsen

Lars-Henrik Paarup Michelsen
stortingskandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**