Kva vil Venstre prioritere i skulen?

I Venstre prøver vi å gjere det til eit varemerke å ikkje love meir enn me kan halde, og vere ærlege på at politikk handlar om å prioritere. Politikarar som seier ja til alt er ikkje truverdige!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


I skulepolitikken er Venstres prioriteringar stikk motsett av regjeringas prioriteringar. Vi vil ha gode lærarar framfor varme måltid, og vi ønskjer betre innhald i skuletimane framfor fleire skuletimar. Folk som er oppteken av skulepolitikk har ved årets val difor fleire klåre alternativ å velje mellom.

For å få lærarar med best mogleg kompetanse vil Venstre endre og utvide allmennlærarutdanninga til fem år, slik Høgskulen i Bergen òg har ønska seg. Samstundes vil vi gjere utdanninga meir fagretta og innføre strengare opptakskrav. Krav om karakter 4 eller betre for å kunne undervise i norsk og matematikk bør ikkje vere for strengt!

Fagleg gode lærarar får vi ikkje berre ved å styrke lærarutdanning, vi må og gje lærarane tid og ressursar til fagleg påfyll gjennom systematisk etter- og vidareutdanning. Dagens gjennomsnittslærar i Hordaland på 50 år har ikkje akkurat fått mykje fagleg påfyll gjennom sitt yrkesaktive liv, men dette vil vi i Venstre endre på ved å innføre eit lærarløft, eit kompetanseår, slik at den formelle kompetansen blir heva og fornya med jamne mellomrom for alle lærarar i alle fag.
Det er heilt sikkert mykje ein kunne ønska å gjere noko med i skulen, men ikkje alt er like viktig. I Venstre ser vi på gode lærarar som den viktigaste føresetnaden for ein god skule, og difor prioriterar vi som vi gjer. Svaret på spørsmålet i overskrifta er med det gitt.

Arild Raftevoll/
Lars-Henrik Michelsen 2. kandidat, Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**