Kva skal skulen vere?

Tidsbrukutvalet, som er sett til å sjå på tidsbruken i skulen, legg fram sine forslag 20.08. Utvalet skal ta tak i problemet BT tok opp 02.07., og som fleire rapportar òg syner: Alt for mykje tid går bort til andre ting enn undervisning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Skole

Når slike undersøkingar kjem til at lærarane bruker tretti minutt dagleg på å få ro blant elevane og tjuetre prosent av arbeidstida på rapportering, møter og konflikthandtering, er det sjølvsagt at noko må gjerast. Utfordringa blir ikkje mindre av at det er den tilpassa undervisninga som elevane har krav på, som skaper mykje av det administrative meirarbeidet.

Utover det å skaffe skulen fleire lærarar og ressursar er det i denne samanheng behov for å lyfte blikket og spørja seg; kva skal skulen vere?

Skole

Regjeringa med AP i spissen ønskjer ein såkalla heildagsskule, at elevane skal vere ein større del av dagen sin på skulen. Det vert argumentert med at elevanes skuledag bør vere like lang som foreldras arbeidsdag, slik at foreldra ikkje treng uroa seg over timane frå skuleslutt til arbeidsslutt. Eit heilt greitt argument, kanskje, men òg ein god illustrasjon av sjølve grunnhaldninga til skulen:
han er ein plass for ungane å vere medan foreldra har andre ting å gjere på.

skole

Venstre meiner skulen er ein lærestad, ikkje ein opphaldsstad. Det held ikkje med fleire skuletimar dersom lærarane ikkje makter å bruke dei timane dei allereie har på ein god måte.

Eg håpar Tidsbrukutvalet tilrår at læraren bør bruke meir tid på å gje elevane kunnskap, og mindre på å gje dei oppdraging. Ein må ikkje undervurdere kor naudsynt ein opprusting av skulehelsetenesta er i slik ein samanheng. Læraren må ofte vere meklar, psykolog og vaksenperson i tillegg til under-visar – det er roller som skule-helsetenesta med hell kan overta. Sameleis med dei delane av administrasjonen som ikkje gjeld sjølve undervisninga – ein god skuleadministrasjon bør handsame slike saker.

Lars-Henrik Paarup Michelsen

Berre dersom ein makter å seie tydeleg kva skulen skal vere og kva læraren skal gjere, kan ein sjå til at det blir slik. Dei som ønskjer at elevane skal bruke meir av dagane sine på skulen, seier implisitt at dei vil flytte meir av det å vakse opp, inn i skulen, og la skuleverket gjere ein stadig større del av foreldra sin jobb. Det er ikkje ei prioritering Venstre er samd i. Me ønskjer å prioritere læraren, og at læraren skal bruke tida si på å lære frå seg – ikkje på alt anna.

Lars-Henrik Paarup Michelsen, Hordaland Venstre

Innlegget sto på trykk i BT 18.7.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**