Møresokkelen er eit av dei mest verdfulle marine økosystem i verda. Norsk vårgytande sild som er den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren har hovudgytefelt i dette området, og torsken kjem heilt frå Barentshavet for å gyte her. Sildeegga blir liggande på botnen i knapt ein månad før dei blir klekte. I denne perioden er egg svært utsette for oljeforureining.
Og fuglefjellet på Runde er næraste nabo til blokkene på Møresokkelen.
Fiskeressursane og naturrikdommen må vernast for at også generasjonane etter oss kan hauste av dette.
Venstre vil verne om desse områda. Ei fortsatt AP-regjering vil vere ein trussel mot desse ressursane.
Når vi i dag veit kor utsett havnaturen er, og kor skadelege klimaendringane som fossile brensler fører med seg er, treng vi politiske leiarar som tør setje tydelege grenser.
Den raud-grøne regjeringa sine merittar til no er klare: dei har gitt fleire løyve til leiteboring enn nokon tidlegare regjering, og effektivt unnlete å flytte ressursar til utvikling av miljøvenleg energi.
Kjem dei denne gangen til å halde ord og verne uerstattelege havområde, eller set dei oljeselskapa sine eigeninteresser framfor miljøet, som så mange gangar før ?
Karl Andre Birkhol
2. kandidat M&R Venstre
Stortingsvalet 2009