Øystein Haga har tillit også i Lillesand og Birkenes

Venstres førstekandidat Øystein Haga har stor tillit også i Lillesand og Birkenes, viser ei uhøgtideleg gransking Lillesandsposten har stått for. Venstres Øystein Haga er med i tet-trioen saman med Høgres Svein Harberg og Torbjørn Urfjell frå Sosialistisk Venstreparti.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Les meir om granskinga her.

I grunnlagstala rangerer Øysten Haga på tredjeplass, like etter Harberg og Urfjell, og langt foran Senterpartiets Kristen Bjormyr, FrPs Ingebjørg Godskesen og Arbeidarpartiets Freddy de Ruiter. For dei to sistnemnte er det sørgeleg lesing, særleg kor få av eigne veljarar som finn dei skikka til å representere partiet på Stortinget.

For Venstre er tala oppløftande!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**