Venstre svarer NAF om E18

I Agderposten 9.juli spør NAFs Line L. Osfoss om Tvedestrandsordførar Jan Dukene og eg kan “legge litt press på både Bjormyr og regjeringen for å få dem til å forstå at staten må ta sin del av kostnadene for en dødsvei de har ansvaret for?” Venstres svar er eit klart ja. Venstre lokalt og nasjonalt har arbeidd grundig i heile prosessen omkring Nasjonal Transportplan

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


for ny trygg E18 Arendal-Tvedestrand, for betre vilkår for ekspressbussane og i tillegg prioritert samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen.

E18 Nsheim bremsespor 1

Foto: Jan Kløvstad

Eit einstemmig kommunestyre i Tvedestrand og solide fleirtal i Aust-Agder fylkesting og Arendal bystyre aksepterer at vi må betale noe for å køyre på ein ny E18. Medlemene i NAF har i ei medlemsgransking støtta opp om delvis bompengefinansiering av E18, og vi veit frå alle delar av landet at lokal medfinansiering er sikraste vegen til tryggare vegar.

Da er oppgåva klar for alle ansvarlege folkevalte og interessegrupper: Vi går til staten med dei vedtaka vi nå har fatta og forsøker å forhandle fram ein ny og trygg veg så raskt som mogleg.

I formannskapsmøte i Arendal i vår hevda Senterpartiets Kristen Bjormyr til stor undring for fleire av oss at han sat på kunnskap som viser at bompengar er fullstendig uaktuelt framover. 18. juni stemte han for delvis bompengefinansiering på E18 i Arendal bystyre, og nå vil han ha bompengar "overalt". Vi kan ikkje hoppe og skvette i alle retningar, slik Bjormyr gjer. Det er ikkje rart at Sps statssekretær blei så forvirra at han stengte pressa ute.

Nå skal vi samle oss og respektere dei vedtaka som er fatta, få traséforslag på bordet lynraskt og kjempe gjennom at spaden skal i jorda før 2014. I mellomtida skal vi arbeide hardt for å unngå ulykker på dagens E18.

Venstre er glade for at NAF gjer eit grundig og ansvarleg arbeid, og vi vil fortsatt samarbeide nært med NAF om ny E18 mellom Tvedestrand og Arendal.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**