Båe to studerer til dagleg juss ved Universitetet i Bergen. Janne kjem opphavleg frå Leikanger, medan Sveinung er frå Nordfjordeid. Janne er leiar for Sogn og Fjordane Unge Venstre, og er 3. kandidat på årets stortingsvalliste. Sveinung er styremedlem i Sogn og Fjordane Venstre, sentralstyremedlem i Noregs Unge Venstre og 11. kandidat på årets stortingsvalliste.
Sveinung og Janne har til hovudoppgåve å følgje opp og assistere stortingskandidatane til Venstre i valkampen, samt å halde tett kontakt med lokallag og media. Dersom ditt lokallag treng hjelp til noko eller har spørsmål i samband med valkampen, ta gjerne kontakt med Janne ([email protected]) eller Sveinung ([email protected]).
Vi ønskjer Janne og Sveinung lukke til i valkamparbeidet!