Gratulerer med dagen, Siv og Jens

I dag er den internasjonale dagen for flyktningar. Dette er dagen til dei 42 millionar menneska som flyktar frå krig, naud, svolt eller forfølging, i eller utanfor sitt heimland. Dette er ikkje berre tal, dette er menneskeliv. Dette er alvor. Dette er eit veldig dårleg tidspunkt for regjeringa å leike Frp i asyl- og flyktningpolitikken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Janne Sørum

Vi har ei regjering som openbart ikkje bryr seg om situasjonen til desse 42 millionar flyktningane. I Soria Moria- erklæringa sette dei raudgrøne seg eit mål om å ta imot 1500 flyktningar årleg. Dette er usle 500 meir enn kva FN forpliktar Noreg til som eit absolutt minimum, og knapt halvparten av kva Flyktninghjelpen meinar ein burde ha som mål. Til samanlikning mottok Sverige over 30 000 kurdarar i 2007. Men i staden for å ta ansvar for dei 42 millionar menneska denne dagen er meint å fokusere på, strammar regjeringa inn flyktningpolitikken og setter ei grense ved 1200. Og ikkje nok med det, mindreårige asylsøkarar vert sendt på hovudet ut av landet den augeblinken dei fyller 18 år, uavhengig av kor lenge dei har budd i Noreg.

Dessverre er dette blitt ein typisk trend i norsk politikk. Arbeidarpartiet er livredde for å miste stemmer til Frp, eit Frp som spelar på framandfrykt for alle med ein annan hudfarge eller eit anna livssyn. Partiet rykker stadig fram på målingane kvar gong Siv Jensen åtvarar mot den store, stygge snikislamiseringa som har ramma Noreg, og det er tydelig at Jens & Co føler at dei ikkje kan vera noko dårlegare. I staden for å ta klar avstand frå Framstegspartiet inhumane flyktningpolitikk, heng Arbeidarpartiet seg på i frykt for å tape terreng på meiningsmålingane. Der ein kunne ha sett fokuset på Noreg sitt ansvar som ei naudhamn for menneske som flyktar frå krig, naud og forfølging, snakkar Arbeidarpartiet om korleis dei skal knuse «radikal islam». I grunnen er ikkje Arbeidarpartiet eller FrP så forskjellige — dei er akkurat like umenneskelege i flyktningpolitikken.

Denne dagen er meint til å sette fokus på dei verken FrP eller Arbeidarpartiet snakkar om — menneska som flyktar frå krig, naud og forfølging, og som frå tid til annan finn på å søkje hjelp i verdas rikaste land. Unge Venstre vil redusere sakshandsamingstida for asylsøknader, vi vil auke Noreg sitt mottak av kvoteflyktningar frå FN, og vi vil senke terskelen for å få asyl på grunn av kjønnsrelatert forfølging.

Unge Venstre ofrar ikkje menneskeliv på populismens alter i ei desperat jakt etter Ftp-velgjerar. Unge Venstre ynskjer ein human og menneskeleg asyl- og flyktningpolitikk.

Janne Sørum, leiar Sogn og Fjordane Unge Venstre
3. kandidat stortingsvalet for Sogn og Fjordane Venstre

Kontaktinfo:
Tlf.: 97 07 47 79
E- post: [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**