ettermiddagen med Dørum og Venstrefolket. Kl 1700 startar det heile, følg vegen frå E18 noen kilometer vest for Lillesand ved skilting til Bjelland.
Odd Einar Dørum på dørstokken mellom stovene hos Tora og Anders Buestad.
Programmet er enkelt:
Vertskapet sørgar for gode stolar til alle. Anders Buestad, tidlegare kommunestyremedlem i Lillesand gjennom mange år, ønsker velkomen og Odd Einar Dørum gir ein gjennomgang om viktige områder i norsk og internasjonal politikk som berre Odd Einar Dørum kan det.
Dei frammøtte får rikeleg tid til kommentarar, debatt og spørsmål, og det er også rikeleg med kaffi, te og kringler.
For dei som vil vere med vidare utover kvelden vanker det både neslesuppe og meir politisk samtale innandørs eller utandørs alt etter kor mørkt det blir utover kvelden.
Møt opp, og møt gjerne opp saman. Køyr saman, og bli inspirert av Sørlandets fremste politiske verkstad. Og kjenner du Venstrefolk frå andre delar av landet på Sørlandsferie, så ta dei med!
Onsdag 8. juli kl 1700 og utover, Fjeldal vest for Lillesand.
Har du spørsmål om skyss og andre praktiske ting, ring gjerne fylkessekretær Jan Kløvstad på 91 80 82 56.
Bli med i samtalen, her under leiing av Anders Buestad.