Sularevet er ein uerstatteleg nasjonalskatt; eit trettifem meter høgt, sju hundre meter langt og åtte tusen år gamalt underverk som me ikkje har mange igjen av. Faginstansane Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet har uttalt seg mot oljeboring; revet vil ikkje tole ei slik påkjenning.
Difor blei Regjeringa si freding møtt med stor glede. Som Truls Gulowsen i Greenpeace sa: ein kan ikkje først leggje fram ein verneplan, for så å gi løyve til oljeleiting det ville vere komisk. Eg kan ikkje høyre nokon som ler.
Det er heva over einkvar tvil at dersom GdF Suez finn olje ved Sularevet, vil det kome krav om boring. Det har aldri skjedd at ein har sagt nei til produksjonboring der ein først har sagt ja til leiteboring, og så funne olje. Oljenæringa si tørst etter fleire løyvast vil aldri bli stetta. Når me i dag veit kor utsett havnaturen er, og kor skadelege klimaendringane som fossile brensler fører med seg er, treng me politiske leiarar som tør setja tydelege grenser.
Den raud-grøne regjeringa sine merittar til no er klare: dei har gitt fleire løyver til leiteboring enn noka tidlegare regjering, og effektivt unnlete å flytta ressursar til utvikling av miljøvenleg energi.
Kjem dei denne gongen til å halda ord, og verna det uerstattelege Sularevet – eller set dei oljeselskapa sine eigeninteresser framfor miljøet, som så mange gonger før?
Runar Mæland,
Ungdomskandidat Hordaland Venstre
Les mer om saken her