Vil ha ny Lund-kommisjon

Venstre vil at Stortinget skal opprette ein ny kommisjon som skal granske dei hemmelege tenestene, skriv Bergens Tidende i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


– Når Stortinget kjem saman i haust vil vi fremje forslag om at det blir oppretta ein ny granskingskommisjon etter mønster av Lund-kommisjonen, seier Venstre-leiar Lars Sponheim til avisa.

 Lars Sponheim vil sette fokus på personvernets stilling i Norge

Lars Sponheim vil sette fokus på personvernets stilling i Norge

Sterkt behov
– Det er 15 år sidan Lund-kommisjonen vart nedsett av Stortinget. Det har skjedd svært mykje i åra som har gått. Det har vore ei rivande teknologisk utvikling som har gjort det mogeleg også for private å drive overvaking og avlytting på ein heilt annan måte enn tidlegare. Personvernet blir angripe frå mange kantar. Vi veit at evna og viljen til å bruke overvakingsmetodar er utbreidd både i det offentlege og i det private, seier Sponheim.

Les hele saken i dagens papirutgave av BT.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**