Nei til eigedomsskatt: Venstre held valløftet

I kommunestyremøtet 22.6. la Venstre og Krf fram ein alternativ økonomiplan. I denne planen vert det ikkje innført eigedomsskatt før i 2012 og då berre på verk og bruk og eventuelle vindmøller.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Gudmund Solheim la fram planen og redegjorde for han. Næringslivet sliter tungt under finanskrisen og Venstre vil ikkje leggje tyngre byrder på det no. Sjølv om vi innfører eigedomsskatt nokre år seinare vil inntektene over fireårsperioden vere såpass store at kommunen har kapital til nødvendige infrastrukturinvesteringar i samband med utbygginga på Lutelandet.
Infrastrukturtiltak er viktig for næringslivet og busetting. Derfor har Venstre i sitt framlegg styrka vegvedlikehaldet med 300 tusen årleg i planperioden. Vi ønskjer å bruke det meste av inntekten frå eigedomsskatten til infrastruktur og vil heller kome attende til oppretting av eit eige næringsfond seinare.
Ved å utsette inføring av eigedomsskatt får Venstre og frigjort midlar til enøktiltak.
Framlegget fekk røystene til Venstre og Krf og to frå Høgre. Heile framlegget finn du her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**