Forbruk som miljøproblem: Venstres løysing

Det ferske Grønn Hverdag Magasin nr. 3 presenterar ei undersøking av miljøfokus i dei ulike partia sine program for komande stortingsperiode. Grønn Hverdag konkluderer med at: «Ingen av partiene ser ut til å være spesielt opptatt av miljøproblemene knyttet til forbruksvekst, som de fleste eksperter mener er den underliggende årsaken til miljø- og klimaproblemene verden står overfor». Guri Melby og Lavrans Skuterud meiner Venstre har løysinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Guri Melby på Venstres LM 2009

Foto: Jon Gunnes

Venstres program seier klart at det ikkje er mogleg å fortsette med vårt høge ressursforbruk, og samtidig tilfredsstille behovet til ei veksande befolkning. Derfor må dagens produksjons- og forbruksmønster leggjast om. Venstres løysing er ei omlegging frå "raud" til "grøn" skatt, som er nr. 4 av Venstres åtte miljøprinsipp: Skatte- og avgiftssystemet skal stimulere til mest mogleg miljøtilpasset åtferd. Auka skatt på forbruk og miljøskadeleg åtferd (grøn skatt) skal kompenserast med lågare skatt på arbeid (raud skatt).

Lavrans Skuterud

Foto: NN

Med Venstres skattepolitikk blir det meir lønnsamt å arbeide og investere i norske bedrifter og arbeidsplassar, og mindre lønnsamt med forbruk og forureining. No betalar vi t.d. like mykje for eit par dagars elektrikararbeid som ein familietur på to veker til Syden. Slike forskjellar fremmar ikkje det mest miljøvennlege valet. Lågare skatt på arbeid betyr også at kjøp av tenester, kunnskap og opplevingar kan konkurrere med kjøp av materielle forbruksgodar.

Redusert materielt forbruk må føre til noko meir samfunnsnyttig enn fleire sparepengar i banken.

Guri Melby og Lavrans Skuterud
Stortingskandidatar for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**