Voss Energi bør på banen

Utbyggingsplanane for småkraftverk står i kø på Voss for tida, men heile tida med utanbygds selskap i bresjen. Kvar er vårt eige Voss Energi i situasjonen, undra Venstres Torstein Gunnarson i kommunestyret torsdag, i følge Avisa Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Elv

Spørsmålet vart reist då kommunestyret skulle ta stilling til Sagelvi kraftverk ved Evanger. Anlegget skal nytta eit 275 meter høgt fall i Sagelvi, nedover eit dalføre frå Mykletveitveten, forbi Skjerveggen og ned mot Vosso. Produksjonen er for eit middels år rekna til heile 19,1 GWh.

Gunnarson viste til at det har vore ei rekkje slike saker på Voss siste åra, seinast i fjor haust eit tilsvarande anlegg ved Evangervatnet.

Les heile saka i Avisa Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**